mandag 4. februar 2013

Kjøpefritt år?...

...ja, tenkte eg skulle prøve meg på eit kjøpefritt år på klesfronten:) Reknar med at mange av dykk som kjenner meg godt, ler eller sitter med eit stort glis no:) Det med god grunn, denne jenta er liiiiiitt for glad i kle! No skal eg iallfall prøve og sjå, har klart meg i over ein månad, ikkje værst berre det, hehe:)

Mange andre ting enn shopping av klær som er kjekt:) Got to love såpebobler:)


Igår hadde me besøk av "minste" søster, svoger og nevø Julian:) Koste oss med frukt og vaniljesaus og heimelaga bollar:)

finaste vetle bakaren:)

Kristian fiksar gjæren:)

Kanelbollar og sjokoladebollar,nam nam:)

Då var me klare for gjestene

Bollane falt heldigvis i smak:)


På kvelden hadde eg avtale med kusina mi Guro, me gjekk på Biskopen . Var ei stund sia sist, so me koste oss med nokon glas kvitvin og snakka mykje og lenge:)

Var til og med ein veldig selskapssjuk katt der:)

Fin avslutning på ein koseleg søndag:)


Idag høljar det ned i Bergen, er heldigvis meldt fint vær fra imåro og framover ei stund:) Resten av dagen blir derfor anvendt inne under teppet!

Håpar alle har hatt ein fin start på veka;)