torsdag 21. januar 2010

KLASSISK KINESISK AKUPUNKTUR

Lenge sidan eg har blogga no,bloggtørke rett og slett.Skal skjerpa meg:)
Ville berre dela den fantastiske opplevelsen eg hadde me akupunktur idag. Har i lang tid gått me låsningar og spenningar i brystet, rygg og mage.Har gått til kiropraktor før,men ville prøva nåke nytt som kan ha bedre og lengre effekt:) Valet mitt falt derfor på denna type behandling, og ingen tvil om at eg valde rett:))

Først intervjua ho meg for å finne ut kva plager og symptom eg har, slik at ho lettare kan velja akupunkurpunkt og eg får dermed ein individuell tilpassa behandling.:)

So såg ho på tunga mi og tok pulsen. Var litt ilt idet ho stakk inn nålene,eg fikk ei i kvar fot, ei i kvar arm, ei mellom augene og ei i håve. Men etterpå vart da berre kjempe hærlig, vart varm og kjente at eg vart kjempe avslappa:):) Låg der i ca 40 min, medan ho dama gjekk ut og inn og spørte om da gjekk fint, JAAAAAAAAAAAA.Da va fantastisk,sovna nesten:) Skal ha neste time mandag,gler meg:)