mandag 4. februar 2013

Kjøpefritt år?...

...ja, tenkte eg skulle prøve meg på eit kjøpefritt år på klesfronten:) Reknar med at mange av dykk som kjenner meg godt, ler eller sitter med eit stort glis no:) Det med god grunn, denne jenta er liiiiiitt for glad i kle! No skal eg iallfall prøve og sjå, har klart meg i over ein månad, ikkje værst berre det, hehe:)

Mange andre ting enn shopping av klær som er kjekt:) Got to love såpebobler:)


Igår hadde me besøk av "minste" søster, svoger og nevø Julian:) Koste oss med frukt og vaniljesaus og heimelaga bollar:)

finaste vetle bakaren:)

Kristian fiksar gjæren:)

Kanelbollar og sjokoladebollar,nam nam:)

Då var me klare for gjestene

Bollane falt heldigvis i smak:)


På kvelden hadde eg avtale med kusina mi Guro, me gjekk på Biskopen . Var ei stund sia sist, so me koste oss med nokon glas kvitvin og snakka mykje og lenge:)

Var til og med ein veldig selskapssjuk katt der:)

Fin avslutning på ein koseleg søndag:)


Idag høljar det ned i Bergen, er heldigvis meldt fint vær fra imåro og framover ei stund:) Resten av dagen blir derfor anvendt inne under teppet!

Håpar alle har hatt ein fin start på veka;)

tirsdag 29. januar 2013

Ikkje heilt iform...

....er heime frå jobb på andre dagen..Synest ikkje noko om dette, men var vel min tur no.  Vetle Kristian guten min er òg sjuk stakkar..Får håpa at mildare vær no hindrar fleire anfall av astma!

Finaste blånissen eg veit:)

:)

Litt bilder fra jul (sidan eg er so treig)

Koste oss på kafè etter kontroll på barneklinikken

Hadde iallfall ei kjekk helg som bestod av vin og fine jenter på fredag, bursdagsbesøk til nevø Sivert på lørdag og middag og kino på søndag:)) Rakk å male litt møblar, som ei stund har våre heilt klare for makeover:)

Klar for middag med fine jenter i min nye jakke fra Zara :)

Slik vart bordet etter nokre strøk med maling:)

Veldig nøgd;)))

To fine gutar som avsluttar eit sukkerrikt bursdagsselskap med "hugleik på staur"

Lenge sidan sist blogginnlegg, eg veit.  Tusen takk til dykk som likevel stikk innom for å sjekke etter nye innlegg :)

Føler meg fortsatt ikkje frisk, men prøver meg på jobb igjen imorgon :) Savnar både små og store på Maurtua ;) 

Savnar òg joggeturane med zsuzsa!!! Blir deilig og komme igang att!! Med den nye appen Runtastic på mobilen kan eg følge med på progresjonen ( eller ikkje::))

Zsuzsa på veg til Fløyen:)


Kvardagsglede er å finne ein chips forma som eit hjerte når ein trykke i seg chips på ein søndag:))

:))

Håpar alle har ei fin og frisk veke so langt:))

Klem

søndag 4. november 2012

Ein månad sidan sist....

.... men no er eg tilbake :) Litt ustabil blogging her, men det får no berre vere slik :)


Titt tei:) Fått crush for denne fargen :)

Har ikkje skjedd store ting sidan sist, tiden flyg og det er jo neimen ikkje lenge til jul :)) Ikkje det at eg har byrja med forberedelsar til jula enda, det får vente til neste måned:)


Kristian og mamma på veg heim etter å ha sett Madagaskar 3 :)


:)

Sidan sist har eg blant anna kjøpt meg ny stol (bildet under), sett "mer eller mindre mann" og "madagaskar 3" på Kino, hatt vinkveld på byn med fine jenter, trent litt, vært ein tur heime på Hafslo hos mamma og pappa,  kjøpt den første boka i  " Fifty Shades of Grey" og sist, men ikkje minst kjøpt billettar  til " The Killers" sin konsert i Telenor Arena i mars:)) Har venta kjempe lenge på å få sjå dei live, gleeeeeeda meg :))


Fine, nye stolen på plass i stova. Godt og ha ein snil pappa som hjelper til:)
Nøgd:)

Kristian og eg hadde nåken fine dagar heime i sogn, altfor lenge sidan sist. Alltid deilig og komme heim:) 

Kristian vart malt ein dag i barnehagen:) Her på bussen t sogn :)
Tapas alà Stine-Iren heime hjå mams og paps:)

Tapas og rødvin :)

 Blir litt budeie når eg kjem heim, hehe:)

utsikt fra huset til mamma og pappa!
Fjøsen vår:)



Her blir jentene fine på vin på don pippo :)

Don Pippo var ein kjempe koseleg, intim, liten restaurant i Christiesgate. Her kan dei vin og dei sel veldig gode, ferske oliven, nam :)) Me hadde ein koseleg kveld som me avslutta på chagall :)


Kristian og eg har kost oss med gåtur i snøen :) Sjølv om eg er litt glad for at den er reist no er eg jo egentleg glad i snø:)




 Finaste guten :))

 Lea parken

Glad gut :)

Denne helga har vore veldig stille og roleg, litt deilig egentleg:) Hadde meg ein joggetur i nydeleg vær idag:)




Håpar de har ein fin søndags kveld:) 

Klem


søndag 7. oktober 2012

Stolte tante Stin - Iren :)

Ei stund sidan sist innlegg no, men det går i eitt om dagane :) Sidan sist har eg blitt tante til ein nydeleg liten Julian baby :) Han var 3870g og heile 54cm lang, heilt perfekt :)) Er heilt fantastisk med slike små krabatar :)) Stolt over vetlesøster som har gjort ein kjempe jobb :))

Skjønnaste Julian

Julian med søskenbarn Kristian og like stolt tante :)

På torsdag skal eg på besøk til dei, gleeeedar meg :)) Då blir det kose mose heile kvelden :)

Ellers har Kristian slutta heilt med tutten!!! Den gav han til Karpe fiskane når me var på Akvariet sist søndag :)) Han var kjempe stolt og har våre kjempe flink, ikkje mast om den i det heile tatt:)

Jenta i Akvariet var kjempe flink, dei klippte hull i tutten og Kristian fyllte den med fiskefor!

Kristian ser fisken tar tutten i munnen :)

Ein veldig kry gut med den fine diplomen han fekk :)

Me hadde ein fin dag på Akvariet med søster, svoger og nevø / fetter. Trur Kristian aldri blir lei av å vere der :) Nytt fra sist var sjøløvene, det var spennande :)

Fine gutane :)

Nydelege Sivert :)

Kristian og mamma ser på selane
Glad jente på Akvariet :)
Finaste guten :)

På veg heim etter ein flott dag!!

Været er trist om dagane, har vel regna samanhengande i 5 veker snart!! Men fredag var det faktisk sol og ein skikkelig flott haustdag:)

På veg heim fra jobb

Lenge sidan sist eg såg Ulrikken uten tåke

Perfekt vær for yndlings skoa :) Gotta love Converse:)

Neste ting på ønskelista er burgunder røde converse, me want :)




Var ute på byn ein tur igår med Anita fra jobb, var på Down stairs. Har aldri våre der før, men var ein kjekk plass med bra musikk, passar for danseløva :)


Kveldens anntrekk, fornøygd med ny topp:)

Idag var mamma og pappa og kusinene mine Guro og Sara på besøk :) Koste oss med god mat på Peppes:) Ironisk nok bestilte ingen av oss pizza :))

Fine familien min <3 p="p">

Etterpå vart eg med Guro heim, koste oss med smågodt og jentesnakk :)

No er det sofa og filmtid, skal kose meg med denne




Ein Sogndal`s seier på kjøpet gjorde ikkje helga vondare :)) Håpar alle har hatt ei fin helg :)

Klem