mandag 31. mai 2010

Tilbake i Bergen

Da er Kristian og eg tilbake i Bergen etter to veker heime i Sogn.Me har kost oss,men er alltid godt komme heim til seg sjølv og sitt.
Tok båten fra Sogndal kl sju,og Kristian var som vanlig høgt og lågt nesten heile turen:) Det var derfor vedig godt å komme til  Bergen i nydeleg ver. Alt var blitt so grønt og friskt på desse to vekene:)
Me sat i parken og koste oss,og Kristian fekk prøve skatebordet til ein snill gut.


Tutti fekk bada seg i fontena:)

På veg heim handla eg ei fin sinkpotte til å ha blomster i,men eg ha ikkje kjøpt blomst enda so foreløbig er den pynta med kubbelys


I ettermiddag har me kosa oss me grilling naboar og sol. Håpa dagen imåro blir like fin,da skal eg og ei veninne på kjoleshopping, skal jo tross alt på premiere på "sex and the city2" på fredag. Blir høg partyfaktor med rød løpar og cosmopolitan i veska:)

Ha ein fin mandagskveld:)

Klem

torsdag 27. mai 2010

På skattejakt

Her om dagen var eg på besøk hos bestefar og bestemor,koseleg som alltid med kaffi og noko attåt:)
Gjekk (spang) litt rundt huset med Kristian då eg oppdaga dette brettet

Veit ikkje heilt ke dei har brukt det til, men det dei ville kaste det. Da var eg rask og sa eg ville ha det:) Synst det var skikkelig fint,har ikkje vaska det enda da.Tenkte vaske det og smøre det inn med matolje.

Brettet vart straks mykje koslegare med ein blondeduk fra Kid og norgesglas (som det skal komme blondebånd på) som eg òg fekk hos den koslege og snille bestefar Per:))


Men kva trur du,skal eg male det kvitt? Klara ikkje bestemme meg,synst egentleg det er litt sjarmerende slik som det er. Tek imot alle gode og kreative råd:)

Ha ein fin torsdagskveld;)

Klem

lørdag 22. mai 2010

Heime i Sogn

I Mai får bunaden min virkeleg svingt seg. Med to konfirmasjonar,ein dåp og 17 mai får eg vist fram Noreg`s finaste (etter min meining) bunad. Heldig som eg er har eg snill mamma som tek seg av vasking, stiving og stryking av skjorta mi:)  Er vel på tide å bli voksen på det området?:)
So no har eg og Kristian flytta heim til Hafslo for to veker:) Har allerede vore her i ei veke,og me storkosar oss.
Eg har fått våre på festligheiter med ei god veninne og møtt mange andre kjente.

Ann Kristin og meg
Tek bilde for å sjekke hår og sminke:)


Ann Kristin har nett starta eigen frisørsalong og navnet er  Familien Hår og Skjønnheit. Anbefalar ein tur innom her om de er i Sogndal, kjempe fin salong med dyktige ansatte. Følg med på sida deira på facebook her  http://www.facebook.com/photo.php?pid=6018504&id=557600405&ref=mf#!/group.php?gid=102727289772925&ref=ts




Kristian kosar seg på Hafslo


                                                                     Tøffingen min skal...

tidleg krøkast

Kristian fekk kjempe tøffe sko av oldemor og oldefar når dei var på besøk


Har våre i skjolden og sett cruiseskip som låg ved den nye, fine kaien dei har fått. Er nydelig der inne om sommaren!



No skal eg ut å trille tur med Kristian:) Håpar alle får ei fin pinsehelg:)

Klem



mandag 17. mai 2010

Hipp hipp Hurra idag er vi glad:))

Da er bunaden av og 17 Mai vel overstått for min del, dagen har vore fin tross litt regn.
Me har gått i tog, ete pølser, sett på fin underhaldning og leika litt:) Tradisjonsrik feiring med andre ord,med unntak av rømmegraut (stod fint over den idag grunna litt for masse inntak av noko anna igår:))

                                          Meg og Ann Kristin i dei flotte Sognebunadane våre

                                                                   Mamma og Kristian

                                                                  Benedicte og Kine

                                                                          Tonje

No skal eg ha meg ein trimtur før eg skal ha ein date med sofaen:)


Ha ein fortsatt fin 17 Mai kveld:)

torsdag 13. mai 2010

Sommarfølelse

Driv og pakkar til meg og Kristian for to veker i sogn.Litt musikk gjer denne jobben lettare:) Denna sangen trur eg kan bli ein stor hit i sommar.Ikkje heilt min stil, men sangen gav meg likevel følelse av sommar,sol og uteliv:))

mandag 10. mai 2010

(Blå)mandag

Absolutt ikkje blåmandag her,einaste som er blått her er himmelen,neglene mine og klærne til Kristian
                        
  Vetlegull teke seig ein blund før me skal gå i Åpen Barnehage


 Og da benyttar mamma seg av tiden til litt sjølvpleie:)


Vips,so hadde det gått ein time og denne karen er klar for dyst:)



Trilletur vart det etter barnehagen,god svinesteik til middag og vafler Faktisk, sjølv om det berre er mandag.No skal eg snart ha meg ein kveldstur til Løvstakken i kveldssola.


Håpa alle har hatt ein fin start på veka <3

torsdag 6. mai 2010

Bursdagsjenta:))

På tirsdag vart denna jentao 28 år,hm...ja,rart å ikkje kunne sei at eg er 27 lenger. Det føles likevel ikkje feil å vere 28:) Hadde ein fin dag ilag me kjæreste,Kristian gull,Søstre,svoger,Brynhild og kusine med familie. Sang til meg gjorde dei òg:))

Her er oreokaka som eg laga for første gang på mandag.Den var kjempe god,litt imponert over meg sjølv:)

 
Christianne hadde med seg brownie og Vivian vafler, so me koste oss masse:) Sola skein til og med for meg;)

Fine presangar dukka òg opp,eg elskar pakkar,men lot faktisk Kristian opne dei:)


                                           Fint skjerf fra Brynhild

                                                         
                                                   Gavekort(Bik Bok) fra dei beste søstrene 

Dei finaste gladiatorsandaler fra svigers




Nostalgisk pynte hare fra verdens beste nevø Sivert



                               

         Billett til Aha sin konsert på Brann stadion i August fra verdens beste mamma og pappa


Gave fra min kjære kjem neste veke,spanandes:))


Hadde ein super bursdag me fine folk,gode kaker,nydlige presangar og soooool:))

                          

mandag 3. mai 2010

Girls night out

På fredag var eg ute på by`n i Bergen for første gang sidan august. Delte den kjekke kvelden med Monica og Siri som eg gjekk på Reiseliv med ved HI i 2004.Kjempe kjekkt å sjå desse hærlige jentene igjen:)



Koste oss med litt vin hos meg før me tok taxi til byen og satte oss godt til rette med noko godt i glaset på Wave. Deilig å sitta ute under varmelampar og sjå utover bryggen.So traska me vidare opp til Riks,dansa og koste oss heile kvelden og vart enige om at det ikkje skal bli seks år til neste gang:) Takk for ein super kveld Siri og Monica,koste meg glugg;)

Kveldens outfit.Veldig flott bilde fra doen på Riks med mykje dopapir på golvet... Skjørt og gensar frå bik bok,veske frå glitter,skinnjakke frå cubus og sko frå H&M

Var du på by`n i helga?

Klemz