torsdag 14. mai 2009

Italiensk torsdagskos;)

Var litt svolten ikveld, so eg tok jammen meg å laga Foccacia. Veldig enkelt og raskt å lage, passar meg fint:) Må jo ha nåke å kosa meg med til finalen av Paradise Hotell:) hehe

Eitt stort focacciabrød
7 dl vann
1 pakke fersk gjær
1 dl olivenolje
1,5 ss salt
2 ts sukker
14-15 dl kveitemjøl
1 ts timian (tørka)
Havsalt

1. Finn fram ein stor bolle. Løs gjæren opp i lunke vatn og ha i olje, salt og sukker.
2. Bland inn mjøl og elt deigen til den blir ganske grautaktig.
3. Dekk til bollen og la deigen heva i 30-40 minutt.
4.Rør timian inn i deigen.
5. Hell deigen i ei smurt langpanne (eller på bakepapir), og dra den utover til ein firkant. Dekk til og la den etterheve i ca. 20 minutter.
6. Ta mel på fingen og stikk små hol over heile deigen. Dryss på litt havsalt.
7. Steik brødet på nederste rille på 200 grader i 30 minutter. Avkjøl på rist.

Voila:)

No skal eg sjå finalen av Paradise Hotell. Håpar de alle får ein kjekke torsdag:))

2 kommentarer:

Stine N sa...

Vart dei gode foccacia brøda då du lagde dei? Såg i allefall gode ut ;)

Stine-Iren sa...

ja,vart veldig gode, ekstra godt me kvitløkssmør på:)

Legg inn en kommentar