tirsdag 29. januar 2013

Ikkje heilt iform...

....er heime frå jobb på andre dagen..Synest ikkje noko om dette, men var vel min tur no.  Vetle Kristian guten min er òg sjuk stakkar..Får håpa at mildare vær no hindrar fleire anfall av astma!

Finaste blånissen eg veit:)

:)

Litt bilder fra jul (sidan eg er so treig)

Koste oss på kafè etter kontroll på barneklinikken

Hadde iallfall ei kjekk helg som bestod av vin og fine jenter på fredag, bursdagsbesøk til nevø Sivert på lørdag og middag og kino på søndag:)) Rakk å male litt møblar, som ei stund har våre heilt klare for makeover:)

Klar for middag med fine jenter i min nye jakke fra Zara :)

Slik vart bordet etter nokre strøk med maling:)

Veldig nøgd;)))

To fine gutar som avsluttar eit sukkerrikt bursdagsselskap med "hugleik på staur"

Lenge sidan sist blogginnlegg, eg veit.  Tusen takk til dykk som likevel stikk innom for å sjekke etter nye innlegg :)

Føler meg fortsatt ikkje frisk, men prøver meg på jobb igjen imorgon :) Savnar både små og store på Maurtua ;) 

Savnar òg joggeturane med zsuzsa!!! Blir deilig og komme igang att!! Med den nye appen Runtastic på mobilen kan eg følge med på progresjonen ( eller ikkje::))

Zsuzsa på veg til Fløyen:)


Kvardagsglede er å finne ein chips forma som eit hjerte når ein trykke i seg chips på ein søndag:))

:))

Håpar alle har ei fin og frisk veke so langt:))

Klem

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar