torsdag 24. juni 2010

St.Hans feiring og besøk av mamma:)

a var St.Hans over for denne gang og veret har vore fantastisk:)

Starta dagen med å gå til byn, satte meg på ein benk ved lungegården medan Kristian sov og naut denne utsikta



Etterpå møtte eg mamma som har vore i byn i nokon dagar. Kristian var veldig glad for å sjå mommo igjen:)
Me traff søstra mi Benedicte og koste oss med deilig lunsj på "lille"




Etterpå tok me ein kaffi og rusla litt rundt til fin musikk på torgalmenningen,  toppen av lykke:)


Har lenge tenkt på å kjøpe denne bikinien....

og sidan det var so fint ver idag er eg lykkelig eigar av søt bikini:)


So gjekk turen for Kristian og meg heim og til Solheim borettslag for å feire St.Hans.Hadde avtalt å møte fleire fra Open Barnehage.
Her var det salg av grillmat og vafler, leikar for barna og bål. Kristian gjekk potetløp og "vann" seg to premiar.


Fekk ikkje med oss bålet sidan det byrja so seint og Kristian var meir enn fornøgd med dagen:)

Eg er nøgd med å ha fått jobba litt med brunfargen:)



 
Alt i alt ein hyggeleg dag:)
Vann til og med trøstepremie i giveawayen til Størstepia , gledar meg til å sjå kva som dukkar opp i postkassen:) Denne dama var so snill å gje bloggen min god og varm omtale:) Tusen takk Størstepia ,det varma:)


Har du hatt ein fin St.Hans?

Nattaklem fra meg til alle der ute:)

5 kommentarer:

Camilla sa...

Takk for veldig hyggelig kommentar =)

Du vil ha bort de svarte rammene rundt bildene i innleggene?
For å få like bilder som hvit romantikk må man gjøre det for hånd i ulike redigeringsprogrammer. Så det tar litt tid når man skal legge ut innlegg ;)
Send meg gjerne en mail, så skal jeg se hva jeg kan hjelpe deg med.
Klem C.

Stini sa...

ok:)Eg har ikkje redigeringsprogram,so da får det berre vere som det er:) Men takk:) Har anbefalt deg for ei veninne som er so lei av bloggen sin:)Håpar det går greit:)

Klem

Karoline sa...

Kjempefin bikini! :)
Eg feira faktisk ikkje st.hans i år, får heller ta det igjen neste år:)

Stini sa...

Takk Karoline,veldig nøgd med den,huska ikkje
sist eg kjøpte bikini:)
Da får du feire det skikkeleg neste år:)

Ha ein fin kveld

klem:)

Bjørg ✩ Huset ved Fjorden sa...

Så søt bikini!:) Høyres ut som ei fin feiring:))
Eg har noko til deg hos meg:)
Klem:)

Legg inn en kommentar